

Bruk fjorden!
Ein tur på fjorden er ein av dei aller beste måtane å oppleve det mektige fjordlandskapet på. Tettast på naturen kjem du ved å padle din eigen kajakk, men det finst også mange motoriserte alternativ.
Følg stien!
Sug i magen, gåsehud, kjensle av fridom, og kor små vi menneske er i den mektige naturen! Få naturkreftene heilt inn på huda. Du må kanskje slåss med deg sjølv for å nå målet, men meistringskjensla – og det utsynet som ventar – er makalaust og verd kvar svetteperle!


Vintermoro
På ettervinter og vår er det gode moglegheiter for flotte skiturar i Nærøyfjordområdet. Det er langt mellom dei oppkøyrde løypene, men desto meir laussnø å leike seg i.
Jakt og fiske
Det er mange gode fiskevatna i fjella rundt Nærøyfjorden. For dei som føretrekker ei børse på ryggen er det mogleg å jakte både rein, hjort, elg og rype.
