1. Heim
  2. Kulturlandskap

Kulturlandskap

Vi er stolte over alt som er skapt her, både frå naturen og frå menneska. Spor etter levd liv finn me i kulturlandskapet. Det fortel om mykje slit for å overleve. Samstundes fortel det også om god kjennskap til naturkreftene, og til årvisse ras, flaumstore elvar og kvar sola kjem først om våren.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Jordbrukslandskap

Jordbruksdrifta har vore med å forme kulturlandskapet vi har i dag. Slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde er ein viktig del av landskapet. For å halde på det opne kulturlandskapet, er eit aktivt landbruk med slått og beitedyr heilt avgjerande.
Les meir
Slåtteteigar som ikkje er gjødsla, og der det vert drive med slått og tørrhøy, har rikt innhald av urter og insekt. Desse slåttemarkene er trua naturtypar, og er viktig å ta vare på. Det er fleire slike verdifulle slåttemarker i Nærøyfjord-området, mellom anna på Stokko, i Undredal, Dyrdal og på Nedbergo. På Stokko, Nedbergo, Stigen og langs Bakkastrondi lever den trua sommarfulgarten stor bloddråpesvermar. Den er avhengig av blomsterenger og opne område for å overleve.  Beiting av husdyr i utmarka og på fjellet har hatt, og har framleis, stor påverknad på landskapet. Beitedyra beiter på både gras, lauv og småtre, og held landskapet ope.
Geiter på veg til beite i båt.
Høgdegard, gard høgt over fjorden.

Høgdegardar

Hyllegardane langs fjorden er lette å få auge på, og gjev stor kontrast til det storslagne naturlandskapet. Dei viser korleis folk har nytta naturressursane gjennom lang tid. Hyllegardane var tidleg busette, og var truleg tatt i bruk av fangstfolk som nytta naturressursane med jakt og fangst. Døme på hyllegardar i Aurlandsfjorden er Nedbergo, Horten og Stigen.

Stølar

Stølane med stølsdrift var ein viktig del av jordbruksdrifta på gardane i fjordbygdene. Det er rike beiteområde i fjellet, og mangel på slåttemark nede ved fjorden eller på hyllegardane. Stølsdrifta var heilt avgjerande for å ha husdyr på gardane ved fjorden. Dei tradisjonelle stølshusa var små, der det var eit opphaldsrom og eit rom til produksjon av ost og smør. På mange av stølane er dei gamle stølshusa sett i stand og bygningsmiljøet ivaretatt. Stølsgrendene gjev turar i desse områda ein ekstra oppleving.

Seterstøl.
Tre.

Stiar / buførevegar

På den tida det var vanleg med drift på stølane var det også viktig med gode og trygge vegar til stølane – for både folk og dyr. Mange av dei gamle buførevegane er forseggjorte vegar som svingar seg oppover fjellsidene, fleire av dei med flotte murar. 

Rimstigen er eit døme på ein buføreveg frå Tufto og Bakka til fjellstølane i Breidalen og Røyrdotten. Buførevegane er kulturminne som er viktige å ta vare på, samtidig som mange av  dei i dag er flotte turstiar. Buførevegen frå gardane Brekke i Flåm går til stølane i Ljosdalen. Fyrste del av denne stien er no tilrettelagt med steintrapper slik at stien kan brukast av dei mange turistane som besøker Flåm. Stien er T-merkt vidare til turisthytta på Grindafletane.

Gamle ferdselsårer

Vegar og ferdselsårer er sentrale kulturminne i Nærøyfjordområdet. Av dei eldste vegane er stien frå Fronnes, opp Frondalen og over fjellet til Raundalen. Segna seier at vegen har vore nytta av kong Sverre. Andre viktige ferdselsvegar er Stalheimskleiva og Postvegen. 

Les meir

Stalheimskleiva var tidlegare ein viktig ferdselsveg vestover. Faktisk har det vore tre ulike vegar opp kleiva. Den fyrste vegen opp kleiva vart bygd på 1600-talet, og den andre rundt 1700. Delar av dei gamle vegtraseane er framleis synlege i terrenget der dei fleire stadar kryssar dagens veg. Den vegen vi kjenner som Stalheimskleiva i dag vart bygd ut som kjerreveg i 1840-åra. Dette opna opp for transport av utanlandske turistar med hest og kjerre frå Gudvangen og opp til Stalheim hotell. Framleis er Stalheimskleiva ein av dei best kjende turistattraksjonane i området.

Postvegen mellom Bleiklindi og Styvi vart bygd kring 1660, og var i drift i rundt 100 år. Den er ein del av den kongelege postvegen mellom Bergen og Oslo. Styvi hadde eige postkontor, og bøndene der vart kalla postbønder. Posten vart frakta landevegen frå Bergen via Voss til Gudvangen og Bakka. Derifrå vart den rodd over fjorden til Bleiklindi og boren til Styvi. Når det låg utrygg is på fjorden brukte dei ein spesialbygd båt med meier på. Den kunne dei dra på isen, og viss dei gjekk gjennom så flaut den, og det var berre å hoppe ombord. Frå Styvi rodde dei posten vidare til Lærdal. I dag er postvegen ein flott turveg. Store delar av vegen er bygd på flotte steinmurar, og den blir halde ved like og rydda av grunneigarane på oppdrag frå verneområdestyret.

Gammel veg.
Styvingstre.

Styvingstre

Styvingstre viser korleis trea vart nytta til fór i tidlegare tider. Styvingtstre er karakteristiske tre, og er med og pregar kulturlandskapet. Det er viktig å ta vare på desse trea både som kulturhistorie og som oppleving. Lauv vert av og til nytta som dyrefor framleis. Frå gamalt var lauv rekna som viktig kosttilskot til dyra. Det var “rein medisin”, vart det sagt. Kanskje det var ein appetittvekkar i eit einsformig kosthald?

Gravrøyser

Gamle gravrøyser vitner mange stadar i området om busetnad langt attende i tid, heilt tilbake til bronsealderen, som starta rundt år 1800 f.Kr. Gravrøyser er automatisk freda kulturminne av nasjonal verdi.

Les meir

På Holmo, tre kilometer frå garden Styvi ved Nærøyfjorden, ligg ei av dei største gravrøysene i området. Røysa er plassert på det høgste punktet i terrenget, slik at den skulle vere godt synleg for alle som kom inn fjorden. Røysa, som ser ut som ein stor mosekledd steinhaug, er to meter høg og 15 meter i diameter. På toppen er det ei stor grop som vitnar om graving. Alderen på røysa er ukjent, men storleik og form tyder på at den kan vere frå eldre bronsealder, om lag 1800 f.Kr.

På Fronnes er det fleire gravrøyser som truleg er frå bronsealderen. Ein teori er at Fronnes vart nytta som gravplass for garden Otternes på andre sida av fjorden.

Gravrøys.
Dyregrav.

Fangstanlegg

Fangstgraver og bogesteller i høgfjellet syner at villreinen har vore viktig for fjordfolket alt i steinalderen. Det mest utprega fangstområdet er rundt Fresvikbreen.

Les meir

Her er det store fangstanlegg med bogestille, ledegjerde og dyrestup på fire fjellryggar frå Tuftafjellet i nord til Handalseggi i sør. I Nærøyfjordområdet er det i dag tre villreinområde; Fjellheimen i vest, Nordfjella i aust og Raudafjell på halvøya mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

I nærleiken av fangstanlegga er det registrert hellerar på fleire stader, men det er ikkje teikn på fast busetting. Etter som breane smeltar og trekker seg tilbake, kjem det fram fleire kulturminne knytt til jakt og fangst i fjellet. Dersom du som turgåar ser gjenstandar som kan vera kulturminne, skal du ikkje røra dei, men melda frå til arkeolog hjå fylkeskommunen. Kulturminna kan verta skada, og kulturhistorie gå tapt, dersom dei vert flytta på.