Om Nærøyfjordområdet

Med verdsarvstatus og fleire verdifulle verneområde er naturen her ekstra viktig å ta vare på. Kombinasjonen av den unike naturarven, menneska sitt liv i landskapet og folk sitt engasjement for at vi skal ha gode, sterke lokalsamfunn er det som særpregar området.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Utsikt over fjord.

Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider. Av mange er fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Lokale handverkstradisjonar og lokale råvarer som vert foredla her er verdiskaping av finaste sort.

Nærøyfjordområdet omfattar seks verneområde, kvart med sine unike kvalitetar: Nærøyfjorden landskapsvernområde, Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, Bleia naturreservat, Grånosmyrane naturreservat, Nordheimsdalen naturreservat og Geitnosi naturreservat.

Kart over området

Verdsarv

Verdsarven er den kultur- og naturarven som blir rekna for å ha unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Stadane på verdsarvlista er valt ut fordi dei har ein spesiell kulturell eller naturhistorisk betydning for menneskeheita. Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er det fyrste verdsarvområdet i Noreg som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste med grunnlag i naturarven.

Gard ved fjorden, sommar.

UNESCO

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen sitt mål er å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid på desse områda.

UNESCO vart oppretta 16. november 1945, og Noreg vart medlem i 1946. UNESCO arbeider for å skape dialog basert på respekt for felles verdiar og verdigheit for alle kulturar i verda.

Kva betyr verdsarvstatusen

Verdsarvstatusen fortel at dette området har ein særs høg verdi for heile verda. Den fortel at Vestnorsk Fjordlandskap har ein så stor universell verdi at det skal takast ekstra godt vare på, til glede for heile verda – no og for komande generasjonar.

Verdsarvverdiane

På Verdsarvlista finn ein bygningar og område rundt om i heile verda. Alle har fått statusen fordi dei vert rekna som unike og viktige objekt som skal passast ekstra godt på fordi dei kvar med sine særtrekk representerer universelle verdiar som er så viktige at alle forpliktar seg til å ta ekstra godt vare på dei.

Vestnorsk fjordlandskap er på lista som naturarv. Dei to delområda vert rekna for å vere framifrå døme på fjordlandskap, og for å vere landskap som framleis er i endring, med levande geologiske prosessar. Det betyr at landskapet her framleis blir forma og er i endring. Ein ekstra dimensjon med dette verdsarvområdet er kulturlandskapet, spor etter levd liv, og at det faktisk bur folk her no også!

Personer på tur i bratt terreng.

Nærøyfjorden landskapsvernområde

Nærøyfjorden landskapsvernområde er det største av verneområda. Det vart oppretta i 2002 for å  ta vare på den storslegne kombinasjonen av natur- og kulturlandskap. Det store spennet frå fjord til fjell skapar stor variasjon i plante- og dyreliv.

Området har vore brukt til aktiv landbruksdrift opp gjennom tidene, og kulturlandskapet er ein viktig del av verneverdien. Slåtteteigar, beitemark, høgdegardar, lauvingstre og stølsområde er viktige element i landskapet og heim til mange spesialiserte artar. Det er viktig å oppretthalde drift  av kulturlandskapet for ta vare på det spesielle landskapet, kulturminna og artane som høyrer til der.

Varde på fjellet, med utsikt over fjorden.

Bleia naturreservat

Bleia naturreservat dekker eit usedvanleg storfelt fjordlandskap kring fjellet Bleia, på halvøya mellom Lærdals- og Aurlandsfjorden. Fjorden under Bleia er nesten 1000 meter djup, så høgdeforskjellen frå fjordbotnen til toppen av det 1717 meter høge fjellet er rundt 2700 meter, det høgste relieffet i Sognefjorden. Voldsomme raviner og fjellryggar står i kontrast til det slake topp-platået når du kjem opp på fjellet. Her finn du restar av det gamle slettelandskapet frå før istidene.

Urvalmue, blome.

Det mest spesielle med Bleia naturreservat er likevel den vesle blomen urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) som berre finst ein annan stad i Noreg (Helin i Valdres). Urvalmuen veks utilgjengeleg til på rasmark i den bratte ravinedalen Insta Dryfta. Denne blomen har sannsynlegvis overlevd her sidan før siste istid og er av stor vitskapleg verdi.

Spesielle reglar i  dette området:

  • All vegetasjon, inkludert daude busker og tre, er freda mot øydelegging
  • Sykling og riding er forbode
Personer på tur i bratt terreng.

Bleia – Storebotnen landskapsvernområde

Bleia – Storebotnen landskapsvernområde dekkar området mellom Nærøyfjorden landskapsvernområde,  Nordheimsdalen naturreservat og Bleia naturreservat, og vart oppretta i samband med søknaden om UNESCO-status. Dette villmarksprega området er lite besøkt av folk og er eit viktig leveområde for villrein.

Spesielle reglar i  dette området:

  • Forbod mot bruk av drone
Vinter, utsikt over fjord og fjell.

Grånosmyrane naturreservat

Grånosmyrane naturreservat er eit uvanleg stort myrområde på grensa mellom Aurland kommune og Voss herad. Det relativt flate området der Vassetelvi utvidar seg er omkransa av småvatn og myrar som utgjer eit viktig hekkeområde for mange fugleartar, mellom anna fleire raudlista og regionalt sjeldne artar. Der kan nemnast snø- og lappsporv, fjøreplytt, boltitt, heilo og fjellrype. Det er dette rike og sårbare fuglelivet som er grunnen til at området er verna.

Spesielle reglar i dette området:

  • Forbod mot telting i perioden 1. juni til 1. august, av omsyn til fuglelivet.
  • Bandtvang heile året
Fjellandskap, myr.

Nordheimsdalen naturreservat

I Nordheimsdalen naturreservat kan du oppleve ein gamal, urskogprega furuskog – ein skikkeleg eventyrskog. Dalen ligg på austsida av Aurlandsfjorden og er ein hengjedal som vart forma av isen og har eit rikt biologisk mangfald. Sjølv om her er mange spor etter hogst og skogsdrift frå gamalt av, har deler av skogen urskogpreg med mange store, flotte og gamle furutre.

Spesielle reglar i dette området:

  • All vegetasjon, inkludert daude busker og tre, er freda mot øydelegging.
  • Sykling og riding er forbode

 

Skog, furutrær.

Geitanosi naturreservat

Geitanosi er eit skog-naturreservat med rik edellauvskog med alm-lindeskog, gamal boreal lauvskog, bekkekløfter og fosseeng. Området inkluderer fleire trua naturtypar og det er også registrert trua og sjeldne artar. Frå gamalt av vart lind frå denne skogen nytta til å lage bastetau.

Geitanosi, fjordlandskap.

Forvaltning og oppsyn

Verneområda er forvalta av Nærøyfjorden verneområdestyre. Kvart område har si eiga verneforskrift med lovar som gjeld for området.

Styret er sett saman av politikarar frå Vestland fylkeskommune og dei kommunane verneområda omfattar, som er Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Det er tilsett to verneområdeforvaltarar som sekretariat for styret.

Det er styret sin jobb å passe på at verneverdiane blir ivaretekne. Styret handsamar søknadar knytt til regelverket og fordelar midlar til tiltak. Statens naturoppsyn fører kontroll med reglane i verneforskriftene og har ansvar for oppsyn i området.

Verneområdestyret si nettside

 

Natur, skilt med "landskapsvernområde".

Nærøyfjorden verdsarvpark

Regionalparkar er godt innarbeidd i andre Europeiske land, men i Noreg er dette eit konsept som stadig er under utvikling. Konseptet har som mål å skape ei integrert områdeforvaltning og auka verdiskaping bygd på lokale natur- og kulturressursar.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein av dei første norske  regionalparkane, og er eit resultat av utviklingsprosessar som har starta på grasrota. Etableringa sprang ut av eit ynskje om eit heilskapleg grep om natur- og kulturbasert samfunnsutvikling og eit behov for å samordne kommunar og aktørar med tilknyting til verdsarvområdet.

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som stifting 25. januar 2008. Formelle stiftarar var Sogn og Fjordane fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune) og kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

Fjord med sollys.