1. Heim
  2. Aktivitetar og opplevingar

Aktivitetar og opplevingar

Naturen her byr på fantastiske opplevingar kva enn du har lyst til å gjere. Om du vil opp på den høgaste toppen, eller vandre langs fjorden, om du vil symje ein tur i sjøen eller padle langs strendene. Kanskje du aldri har prøvd ein trugetur? Om du ikkje vil utforske åleine, er det mange som kan tilby guiding og opplevingar du ikkje drøymde om, velkomen inn!
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Barn ser utover fjorden med kikkert.
Person padler på fjorden

Bruk fjorden!

Ein tur på fjorden er ein av dei aller beste måtane å oppleve det mektige fjordlandskapet på. Tettast på naturen kjem du ved å padle din eigen kajakk, men det finst også mange motoriserte alternativ.

arrow-r

Følg stien!

Sug i magen, gåsehud, kjensle av fridom, og kor små vi menneske er i den mektige naturen! Få naturkreftene heilt inn på huda. Du må kanskje slåss med deg sjølv for å nå målet, men meistringskjensla – og det utsynet som ventar – er makalaust og verd kvar svetteperle!

arrow-r
Barn på tur.
Person på skitur

Vintermoro

På ettervinter og vår er det gode moglegheiter for flotte skiturar i Nærøyfjordområdet. Det er langt mellom dei oppkøyrde løypene, men desto meir laussnø å leike seg i.

arrow-r

Jakt og fiske

Det er mange gode fiskevatna i fjella rundt Nærøyfjorden. For dei som føretrekker ei børse på ryggen er det mogleg å jakte både rein, hjort, elg og rype.

arrow-r
Personer på jakt, silhuett i solnedgang.