1. Heim
  2. Reise og overnatting

Reise og overnatting

Du kan kome til området frå nesten alle kantar og det finst overnatting for ein kvar smak!
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Hengekøye, solnedgang over fjorden.

Tog frå Bergen eller Oslo

Fleire avgangar dagleg kan ta deg frå anten Oslo eller Bergen til Myrdal stasjon. Herifrå kan du ta den sagnomsuste Flåmsbana ned til Flåm. Det er lurt å bestille billett i god tid i høgsesongen. Flåmsbana korresponderer ofte med toga på Bergensbana, men ikkje alltid. For å sleppe fleire timar ventetid på Myrdal er det lurt å sjekke dette på førehand.

Vy.no

Entur.no

 

Buss frå store delar av landet

Det er daglege bussavgangar frå mellom anna Oslo, Bergen/Voss og Sogndal som stoppar i Aurland, Flåm og Gudvangen. Dette er eit godt alternativ til tog. Med lokale bussar og båtar kan du komme deg til dei andre innfallsportane. 

Vybuss.no

Nor-Way bussekspress

Entur.no

Tog, Flåmsbana.

Hurtigbåt frå Bergen

Om sommaren er det mogleg å ta hurtigbåten frå Bergen til Vik, Aurland og Flåm. Dette tek omtrent dobbelt så lang tid som å ta bussen, men så får du også oppleve store delar av Sognefjorden, verdens lengste fjord.

Norled.no

Personer i hengekøye skuer utover vann.

Køyre bil

Europavegen E16 går gjennom området, hovudsakleg i lange tunellar gjennom dei høge fjellmassiva. Kjem du frå Bergen er det berre å følge denne. På Vinje kan du gjere eit val. Du kan køyre over Vikafjellet inn langs Sognefjorden til Fresvik, eller du kan fortsette på E16 mot Stalheim og Gudvangen.

Frå Oslo er det raskare å ta riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. På sommarstid kan du også ta riksveg 50, fjellovergangen Hol-Aurland.

Kjem du via Lærdal kan du velje mellom å køyre gjennom verdas lengste tunell (24,5 km), eller nyte den spektakulære utsikta og dei smale hårnålssvingane på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet. Der kan du også legge inn eit stopp på utsiktspunktet Stegastein. Denne vegen er berre open frå 1. juni til 15. oktober.

Utkikkspunkt, Stegastein.

Overnatting

For oppdaterte overnattingstilbod, sjekk ut:

Visit Sognefjord

Visit Voss

Ut.no

Hytte på fjellet, Joshaugbu.