1. Heim
  2. Innfallsportar

Innfallsportar

Kvar grend har sine spesielle kvalitetar og opplevingar å by på. Nokre av grendene kan du berre kome til via fjorden. Det er spanande å utforske grendene, men hugs å respektere privatlivet til dei som bur her. Mange av stadane har aktiv landbruksdrift. Vis omsyn til husdyr på beite.

Kart over området som PDF
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Geiter på beite.

Undredal

Undredal har ei sentral rolle i verdsarven, både i høve til plasseringa på kartet og som eit godt døme på særmerkt kultur og natur. I denne grenda overgår talet på geiter talet på innbyggjarar. Desse dyra er difor med på å danne det særskilde preget som bygda har. Mellom anna er bygda vidgjeten for geitosten som vert produsert lokalt.

arrow-r

Flåm

Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet.

arrow-r
Gutt ser utover fjorden og tettstedet Flåm.
Dyrdal, hus speglar seg mot fjorden.

Dyrdal

Med den sentrale plasseringa ved fjorden og lett tilgang til ressursane i fjellområda er Dyrdal ein av dei eldre grendene i området, frå tida kring Kristi fødsel eller noko før.

arrow-r

Gudvangen

Heilt inst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen, ein liten tettstad der menneska har levd i uminnelege tider. Ein naturleg stad å slå seg ned, med naturrikdomar både i fjorden og i fjella rundt.

arrow-r
Gudvangen
Utsikt over snøkledt fjell.

Aurland

Aurlandsvangen ligg flott plassert i eit nydeleg fjordlandskap omkransa av høge fjell, med Aurlandsfjorden i forkant og den vakre Aurlandsdalen i bakkant.

arrow-r

Bakka

Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På veg inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen.

arrow-r
Personer i båt ved fjorden.
Tettsted ved fjorden, Fresvik.

Fresvik

Bygda Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden like ved inngangen til Aurlandsfjorden og høyrer til Vik kommune. Bygda livnærer seg fyrst og fremst av tradisjonelt jordbruk og turisme basert på den vakre naturen, og har ein rik kulturhistorisk arv.

arrow-r

Stalheim

Stalheim er ei grend i Voss Herad, ved grensa til Aurland kommune. Området ligg vakkert til og har vore eit kjent reisemål sidan turismen byrja i Noreg.

arrow-r
Stalheim, dal mellom mektige fjell.