1. Heim
  2. Natur og dyreliv

Natur og dyreliv

Ei havørn som seglar majestetisk over himmelen, lyden av ein flokk niser som bryt vassflata eller synet av ein flokk villrein i det fjerne. Dess meir forsiktig du bevegar deg i landskapet, dess større er sjansen for store naturopplevingar.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Landskap og geologi

Landskapet her er forma av vatn og is gjennom tusenvis av år. Framleis grev vatnet i landskapet. Rasvifter, elveløp, snø- og steinras fortel at området framleis blir forma av naturkreftene – vi bur i levande geologi!

IMG_2460

Fjordane sin historie

Viss vi går meir enn 66 millionar år tilbake i tid, så var dette landskapet eit flatt slettelandskap. Gradvis starta landet å heve seg, til det vart eit høgt samanhengande fjellmassiv. Eit brattare landskap førte til at elvane fekk større evne til å grave, og dei laga V-forma dalar og gjel, spesielt der det allereie var sprekker eller svakare fjell. For omtrent 2,6 millionar år sidan starta den første av omtrent 40 istider. Då la store isbrear seg over fjellmassivet. Breane og elvar med smeltevatn frå breane heldt fram med gravejobben og utvida V-dalane til breiare U-forma dalar med bratte sider. Nokre stadar vart det danna såkalla hengande sidedalar, der sidedalane munnar ut høgt oppe i sida på hovuddalføret. Breane i sidedalane var mindre, og grov ikkje like djupe dalar som dei større breane i hovuddalane. Når breane smelta kom sjøen inn og fjordane vart forma. I isfrie periodar bidrog stein- og jordskred til forming av fjellsidene. Resultatet er det landskapet vi har i dag, med djupe fjordar, frodige dalar, bratte fjellsider og fjelltoppar og platå som alle ligg på same høgdenivå. Desse toppane er det som er igjen av det låge slettelandskapet frå dinosaurane si tid. Framleis er det nokre mindre brear og evige snøfonner igjen i høgfjellet. Den største av dei er Fresvikbreen (15 km2) på vestsida av Nærøyfjorden. Samanlikna med store brear som Jostedalsbreen er dette ein liten bre.

Steinhardt fjell

Sjølve steinen som fjella består av vart danna endå lenger tilbake i tid, under den sokalla kaledoniske fjellkjedefoldinga, for fleire hundre millionar år sidan. Då kolliderte dei afrikanskeuropeiske og amerikanske landmassane, og store flak av grunnfjellsbergartar vart skuva saman og omdanna til harde bergartar som gneis, gabbro, mangeritt og anorthositt. Nokre av desse flaka av berggrunn vart forskyvd fleire hundre kilometer, over yngre, mjukare og meir næringsrike bergartar. Eit av desse sokalla skyvedekka er Jotundekket. Det er dette mange kilometer tjukke steindekket du finn her i Nærøyfjordområdet. Denne hardføre berggrunnen står godt i mot konstant nedsliting av ver og vind, og gjere til at fjella her er høgre enn dei ville vore med ein svakare berggrunn.

Levande landskap

Det er lett å tenke på fjell og landskap som noko konstant og urørleg, men her i Nærøyfjordområdet bur folk verkeleg i levande geologi. Is, snø og vatn grev framleis i landskapet og formar det. Folk som bur her har lært seg å leve med aktive geologiske prosessar som snøskred, flaum, steinskred og erosjon. Dette er også ein av grunnane til at området er oppført på Unesco si verdsarvliste, området er eit vitnesbyrd om pågåande geologiske prosessar som formar landskapet. Under neste istid vil fjordane fortsette å grave seg endå lenger og djupare inn i landskapet…

IMG_1778
Utsikt over fjord med snøkledte fjell

Villrein

I fjella rundt Nærøyfjorden lever fleire reinsdyrstammar. Villreinen blir ofte kalla fjellets nomade, og er avhengig av å kunne vandre over store, samanhengande fjellområde for å finne nok mat heile året. Villreinjakt ein viktig del av kulturen i Nærøyfjordområdet.

IMG_2460

Historie

Reinen vandra til Noreg då isen trakk seg tilbake etter siste istid, og har sidan då vore ei viktig kjelde til mat, reiskap og klede for folket som lever her. Viss du veit kva du skal sjå etter vil du kunne oppdage mange spor etter vilreinjakt i fjellet. Dyregraver, ledegjerder og bogestiller er spreidd ut over store delar av fjellområda. Ofte dannar dei store samanhengande system som viser at folka som bygde dei  hadde stor kunnskap om vandringsrutene til reinen. Det er funne fangstanlegg i Noreg som er så mykje som 10 000 år gamle, men dei fleste anlegga du ser i fjellet i dag er frå perioden 500 til 1350 e.Kr. Fangstanlegga er ikkje merka, og for eit utrena auge kan det vere vanskeleg å skille eit oppmurt ledegjerde frå ein naturleg ansamling av steinar. Det er difor viktig å ikkje flytte rundt på steinar i fjellet for ikkje å risikere å øydelegge gamle kulturminne.

Biologi

Om vinteren lever reinen av lav, som den kan lukte 60 cm under snøen. Pelsen, som er tre gonger så tett som hos andre hjortedyr, isolerer effektivt mot vinterkulden. Dei spesielle klauvene fungerer som truger i laus snø. Om våren følger reinen snøsmeltinga oppover fjellet, for å få med seg dei aller ferskaste og mest næringsrike grøne spirene. Etter paringstida på hausten skil kjønna lag, og dannar bukkeflokkar og fostringsflokkar (med hodyr, ungdyr og kalvar). Kalvinga finn stad i mai, i småkupert landskap høgt til fjells, og etter berre eit par dagar er kalven klar til å følge mora på vandring til sommarbeite.

Ta omsyn

Villrein er sky dyr som lett blir påverka av menneskeleg aktivitet. Vegar, trafikkerte stiar og hyttefelt er effektive barrierer for villreinen. Dei fire opphavlege villreinområda i Noreg er no splitta opp i 24 mindre og meir eller mindre isolerte område. Dette gjer reinen ekstra sårbar i møte med andre utfordringar som til dømes klimaendringar. Ser du villrein i fjellet så hald avstand så du ikkje skremmer dyra på flukt.

Reinsdyr-i-svøfug—Knut-Fredrik-Øi
Reinsdyr-i-svøfug—Knut-Fredrik-Øi

Livet i fjorden / sjøpattedyr

Det nysgjerrige, runde hovudet til ein kobbe i vassflata, den karakteristiske pustelyden frå ein flokk niser, eller ei havørn som seglar majestetisk over fjorden. Fjorden kan by på fantastiske naturopplevingar for den årvåkne.

To kobber ved fjorden.

Kobbe

Både Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden er viktige leveområde for steinkobbe. Kobben er den mest vanlege kystselen vår, og er ikkje uvanleg å sjå liggande i små grupper på svaberg eller duppande med det runde hovudet opp av fjorden. Teljingar tyder på at det kan ha blitt færre steinkobber i området dei siste åra, og stadige forstyrringar frå turistbåtar kan vere ein av grunnane.

Nise

Nise er ein liten kvalart, og den mest talrike kvalen langs norskekysten. Den er ca halvannan meter lang, med mørkegrå rygg og lysare underside. Du ser dei ofte i små flokkar der dei jaktar på småfisk i fjordane. Padlar du kajakk på fjorden kan du lytte etter den karakteristiske “nyselyden” dei lagar når dei kjem opp for å puste.

Spekkhoggar

Med ujamne mellomrom kjem flokkar med spekkhoggarar på besøk i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Då står både kobbe og nise på menyen. Spekkhoggaren er den største delfinarten vi har, og den kan bli opp til 10 meter lang og vege 6-8 tonn. Det er ei majestetisk oppleving å få den opp på sida av båten.

Spekkhugger som symjer i vassoverflata.

Fuglar

Området byr på eit variert fugleliv, frå skarv, ender og havørn langs fjorden, til heilo, rype og blåstrupe i fjellet. Om våren kvitrar og syng det i dei skogkledde liene, og myrer og våtmarksområde er viktige leveområde for vadefugl og ender. Her kan det vere kjekt å ha med seg kikkert på tur!

IMG_2460

Havørn

Havørn hekkar fleire stadar langs fjordane og du kan ofte sjå den sittande i eit tre i strandsona eller seglande lågt over fjorden på leiting etter mat. Havørna lever hovudsakleg av fisk, sjøfugl og åtsler. Med eit vingespenn på godt over to meter er den Noregs største fugl. Dei vaksne fuglane kan kjennast igjen på sin karakteristiske kvite stjert.

Fjellfugl

Heipiplerka er sannsynlegvis den mest vanlege fuglen i fjellet, men den er ikkje så lett å få auge på. Derimot er den lett å høyre der den flyr høgt til vers og dalar ned igjen medan den syng for full hals. Ein annan kjent fuglelyd i fjellet er den klagande røysta til heiloen. Det er også store sjansar for å skremme opp ryper, både sommar og vinter.

Våtmarksfugl

Vatn og myrområde er oasar for mange fuglar. Grånosmyrane naturreservat er verna nettopp på grunn av det rike fuglelivet i myrområdet. Der hekkar mellom anna snø- og lappspurv, fjæreplytt, boltit, heilo og fjellrype.

Rype på ein stein, vinter.
Bjørkefink, fugl i ei bjørk.

Plantar

Det store spennet frå fjord til høgfjell gir ein variert vegetasjon. Frå område med varmekjær edellauvskog ved fjorden er spennet stort til høgfjellet der lav og mose på steinane er den dominerande vegetasjonen.

Blomstereng.

Skog

Gamal urskogprega furuskog veks i Bleia og Nordheimsdalen naturreservat. Denne skogen har eit rikt biologisk mangfald. Daude tre er gode leveområde for mikroorganismar og insekt, som er viktig mat for fuglar og dyr.

Langs både Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden er det edellauvskog som trivst i varmt klima. Ved Morki i Nærøyfjorden er ein velutvikla lindeskog der det mellom anna veks huldregras. Denne arten er spesielt tilpassa edellauvskog.

Urvalmue

Urvalmuen (Papaver radicatum ssp.relictum) veks utilgjengeleg til på rasmark i den bratte ravinedalen Insta Dryfta, mellom 350 til 900 moh. Denne planten har truleg overlevd her sidan før siste istid og er av stor vitskapleg verdi. I Noreg er urvalmuen berre registret her og i Helin i Valdres. Urvalmuen er ein pionerart som veks i mineraljord på lysopne flater utan konkurranse frå etablert vegetasjonsdekke. Urvalmuen overlever på desse stadane som er så steinete og ustabile at nesten ingen andre plantar kan vekse her.

Fjellflora

Anortositt i berggrunnen gjev utslag i nøysam vegetasjon. Stadvis finst likevel band med fyllitt der kravfulle fjellplanter som t.d. fjellkvitkurle, fjellfiol og reinrose trivst. Reinroseheier finst fleire stader, blant anna i Bleia naturreservat. I Hausagjelet er det registrert raudlisteartar av sopp og lav.

Blomstereng

Der graset blir slått og hausta årleg, utan gjødsling, får du artsrike blomsterenger. Slike verdifulle slåtteenger finn du mellom anna mellom Undredal og Stokko, i Dyrdal og på fleire av høgdegardane. Det tek mange år å opparbeide det store mangfaldet av artar, og det er difor viktig å bevare slåttemarkene. Her kan du finne blomar som blåklokke, prikkperikum, legeveronika, prestekrage, blåknapp, tiriltunge, brudespore, skogmarihand og mange fleire. Blomsterengene er viktige leveområde for mellom anna sommarfuglar, humler og bier.

Reinrose, blome i fjellet.
Urvalmue.

Insekt

Insekta er fascinerande skapningar som er livsviktige for både menneske og andre artar. Dei utgjer nesten halvparten av dei kjente artane i Noreg.

Stor blodråpesvermar.

Insekta lagar jord av døde planter og dyr, dei pollinerer plantene slik at dei kan lage frø, og dei er mat for millionar av fuglar, fiskar og flaggermus. Slik er insekta livsviktige for mange andre artar, både planter og dyr. Difor er dei også viktige for oss menneske – vi hadde faktisk ikkje klart oss utan insekta.

Vi veit at insekta slit. Difor er verneområda særleg viktige område for desse småkrypa, der dei kan leve utan truslar frå utbygging og anna øydelegging av leveområda deira. I verdsarvområdet er det spesielt viktig å halde i hevd det gamle kulturlandskapet med slåttemarker og beiteområde, som mange av insekta er avhengige av.

I dei opne rasområda og slåttemarkene langs fjordane er det funne mange sjeldne og trua sommarfuglartar, blant anna stor bloddråpesvermar, bandbloddråpesvermar, mnemosynesommarfugl og hagtornsommarfugl. Det er svært viktig å ta vare på leveområda til desse trua sommarfuglane, elles risikerer vi å miste dei for alltid.

Markhumle på tyrihjelm