Undredal

Undredal har ei sentral rolle i verdsarven, både i høve til plasseringa på kartet og som eit godt døme på særmerkt kultur og natur. I denne grenda overgår talet på geiter talet på innbyggjarar. Desse dyra er difor med på å danne det særskilde preget som bygda har. Mellom anna er bygda vidgjeten for geitosten som vert produsert lokalt.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Solnedgang speglar seg i fjorden.

Den tronge dalen kløyver fjellmassivet mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden midt i Verdsarvområdet. Bygda Undredal med sitt særeige bygningsmiljø, gamle gardar og berre 80 fastbuande, ligg som ein liten tett landsby ved fjorden. Høgdegardane Stigen, Nedbergo og Horten høyrer òg til Undredal sokn. Den vesle stavkyrkja i Undredal er frå 1100-talet og er den minste stavkyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk.

Europaveg E16 passerar øvst i dalen ved stølsområdet Langhuso. Herifrå går gamlevegen som snor seg langsmed elva nedover det dramatiske dalføret. Den graskledde vegen er velegna for den som ynskjer ein roleg tur i det vakre landskapet. Ein merka sti klatrar opp til høgfjellet frå stølane og gjennom Jonadalen.

I tusenar av år har folk brukt landskapet på ein varsam og kløktig måte. Gamle vatningsveiter og bakkemurar vitnar om hundrevis av år med jordbruk. Fjella lagrar solvarmen og gjev Undredal eit mildt og venleg klima,- så mildt at det kring 1900 vart dyrka tobakk. Seinare vart fruktdyrking meir vanleg.

Framleis kan geitebøndene dyrke fram sitt livsgrunnlag i dalen. Den rike jorda på teigane og engene langs elva og fjorden gjev godt vinterfôr. I dalsidene og på fjellet finn geitene rikeleg med føde frå vår til haust.

Tettstad ved fjorden, Undredal.
Title Address Description
Undredal
Undredal, Norge