
Alt frå mellomalderen veit vi at Stalheim fungerte som skysstasjon og gjestgjevarstad. Den store trafikken langs postvegen danna grunnlag for skysstasjonen.
Kring 1650 vart poststellet i Norge organisert, og strekninga Lærdal-Gudvangen-Stalheim-Voss vart ein del av hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet.
Diktaren Per Sivle, som mellom anna har skrive “Den fyrste song”, kjem frå Stalheim. Sivle henta mykje inspirasjon frå dette området der han vaks opp.
Der Stalheimselvi kastar seg utfor stupet ved Stalheim, dannar den Stalheimsfossen som har eit loddrett fall på 126 meter. Ved stupet på toppen av Stalheimskleivi ligg Stalheim hotell med vakker utsikt nedover dalen.

Title | Address | Description |
---|---|---|
Gudvangen | Stalheim, Norge |