Gudvangen

Heilt inst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen, ein liten tettstad der menneska har levd i uminnelige tider. Ein naturleg stad å slå seg ned, med naturrikdomar både i fjorden og i fjella rundt.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Sau på vinterbeite.

Gardane som ligg her nede ved fjorden og oppetter dalen er vanlege vestlandsgardar som har nytta seg av eit ressursgrunnlag som spenner vidt, frå fjorden til fjellet. I tillegg har bøndene i Gudvangen gjennom lengre tider livnært seg på alternative måtar som følgje av plasseringa staden fekk i høve til postruta mellom Bergen og Oslo. Då denne postruta vart opna på 1600-talet vart det bygd gode vegar som batt Gudvangen og Voss i hop. Behovet for handel og gjestgiveri oppstod difor raskt. Då jernbana mellom Bergen og Voss opna i 1883, oppstod det ei merkbar auke i denne trafikken som la grunnlaget for at reiselivet i Gudvangen vart ei viktig næring.

Reiselivet er framleis ei stor næring for lokalsamfunnet. I dag vert det mellom anna satsa stort på etablering av eit opplevingstilbod tufta på ein vikingby bygd av rekonstruksjonar i sentrum av Gudvangen.

Dette området er i stadig endring, der rennande vatn saman med stein, jord- og snøskred er den viktigaste faktoren som formar fjordlandskapet. Dei store skredviftene, som er restar etter ras oppover dalen, er og eit framtredande element som syner at dalen er i stadig endring som følgje av pågåande geologiske prosessar.

I Nærøydalen kan du sjå mange fossefall. Dei største fossane har vatn heile året og er kjende attraksjonar. Av desse er Sivlefossen, inst i Nærøydalen ved Stalheim, den høgste fossen i fritt fall. Nede i Gudvangen i aust ser du Kjelfossen, som til saman fell 840 meter i etappar. Fossen skal ha fått namn etter at ei budeie mista ystekjelen sin utfor fossen. Ifylgje segna hadde ho sett kjelen frå seg i elva, men la ikkje merke til at vatnet steig. Såleis enda det med at kjelen flaut opp og følgde med utfor fjellkanten.

Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine overnattingsmoglegheiter, skysstasjon og handel.

Hus med bratte fjell og fossefall.
Title Address Description
Gudvangen
Gudvangen, Norge