Fresvik er omkransa av høge fjell med Fresvikbreen på 1648 moh som høgaste punkt. Breen vart danna for 4–6000 år sidan i ein periode med kaldt og fuktig klima. Dette er det største området med permanent snø og isdekke innanfor Nærøyfjordområdet. Seinare års smelting har ført til meir oppsprekking av breen og gjer at ein no må ferdast der med varsemd.
I fjellområda kring breen ligg nokre av dei eldste, største og best bevarte fangstanlegga for villrein i Noreg (frå 500 til 2000 år gamle). Leidegjerde som førte dyra mot dyrestup, og tallause bogastille og dyregraver vitnar om stor aktivitet kring jakta attende i tid.
Jakt, fiske og friluftsliv er framleis viktige fritidssysler. Her finn ein eit variert og ynda turområde med merka stiar for ein kvar smak. Furuskogen på Fresvikåsen er mellom dei største i Sogn og Fjordane.
Lunt og vendt mot fjorden ligg grøderike gardar der bøndene i dag driv husdyrhald, frukt- og bærdyrking. Fresvik blei tidlegare kalla jordbærbygda i Sogn. I liene veks edellauvskog med ask og hassel. At bygda er grøderik vitnar òg stadnamnet om. Namnet Fresvik stammer frå den norrøne guden Frøy som var gud for grøderikdom, vêrtilhøve, velstand, lukke og fred.
Fresvikbygda er ei bygd rik på ressursar. Landbruket står framleis sterkt, men hjørnesteinsbedrifta Fresvik Produkt AS som produserar kjøle- og fryserom, er ein viktig arbeidsplass i bygda.
Utsikt frå Mulakamben. Foto: Anbjørg Nornes
Title | Address | Description |
---|---|---|
Undredal | Fresvik, Norge |