Flåm

Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Tettstaden Flåm.

Det vi i dag kallar Flåm ligg for det meste på utfylt grunn ved den frodige garden Fretheim, rett ved sida av den gamle elvemunninga. Dette er ein av dei eldste, faste gardsbusetnadane i Flåmsdalen. Garden ligg på lausmasse som breen etterlet seg oppe på berget etter den siste avsmeltinga, og dette dannar grunnlaget for den gode landbruksjorda til garden. Bøndene her har tilgang på mange ulike ressursar og har så langt attende vi kjenner drive med jakt, handel og fiske i tillegg til jordbruk og husdyrhald.

I dag får samfunnet her i Flåm inntekter frå turisme tufta på den storslagne naturen. Måten dei geologiske kreftene har arbeida på gjer at turismen i dag skaffar arbeidsplassar lokalt, som medverkar til at folk held fram å bu i denne delen av landet.

Grunna den flotte naturen du ser er Flåm eit av dei store turistknutepunkta i landet med hotell, cruisekai og endestasjonen til den verdskjende Flåmsbana.

Sau på beite ved Flåm.

Foto: Gro Mørk

Title Address Description
Flåm
Flåm, Norge