Gjestfritt og unikt
Her, midt i Nærøyfjorden, ligg grenda Dyrdal som på fleire måtar representerer verdsarvverdiane i det fjordlandskapet du no står midt inne i. I dalen som strekk seg frå fjorden og opp til høgfjellet finn vi ei rekkje dyre- og planteartar, men og mange spor etter menneska som har levd her i fleire hundre år. Aktiviteten som går føre seg i Dyrdal i dag dreier seg mykje om ivaretaking og skjøtsel av kulturminne og landskap. Dette gjer at dei viktige natur- og kulturverdiane kan få leve vidare i lang tid framover.
Dyrdal har eit rikt dyreliv, og særskilt er bestanden av hjort god. Hjorten trivs godt i desse bratte liene langs fjorden der det veks lauvskog og der kontrollen over terrenget er god. Mindre viltartar som rev, mink, røyskatt, hare og snømus vert og stadig observert. Rovfugl har ein naturleg plass i området og totalt sett er meir enn 90 fugleartar registrert i dalen.
Grenda er kjend for det særprega klyngetunet. I grenda som ein gong hadde langt over hundre innbyggjarar, finst det ikkje lenger gardar i drift.
Det går ikkje veg til Dyrdal, men i 1920-åra vart det sett opp kai, slik at dei større rutegåande båtane kunne komme inntil. I dag kan du komme hit med mellom anna elektrisk fjordcruise frå Flåm, Aurland eller Gudvangen fleire gongar for dagen. Hugs at Dyrdal er stjernestopp på ruta, som betyr at du må ringe båten og gje beskjed dersom du vil at den skal stoppe i Dyrdal.
Title | Address | Description |
---|---|---|
Dyrdal | Dyrdal, Norge | |
Flåm | Flåm, Norge | |
Gudvangen | Gudvangen, Norge |