Bakka

Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På veg inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Person skuer utover fjorden.

Grenda Bakka ligg ved foten av det mektige fjellet Bakkanosi der fjorden er på sitt smalaste. Nærøyfjorden er generelt smal og trong og dette merker vi spesielt på Bakka der fjella går opp til 13-1400 meter på begge sider. Kvart år går det ras og skred som ofte stenger vegen inn til Gudvangen. Geologisk sett er Breiskreda nord for garden Tufto rekna for å vere det mest markante skredfaret i Nærøyfjorden.

Grenda Bakka er eit av få busette område i Nærøyfjorden. Gjennom historia har menneska sett sitt preg på landskapet ved å nytte seg av ressursane naturen gav gjennom busetnad, jordbruk, jakt og sanking. Resultatet av dette er det kulturlandskapet som kjenneteiknar Bakka i dag og som er ein viktig del av verdsarven. Føresetnaden for å bevare denne verdien er at busetnaden held fram på Bakka.

Å finne måtar å kombinere utvikling med forsvarleg vern av verdsarvverdiane er den største utfordringa i dag, og avgjerande for å oppretthalde busetnaden i grenda. Dei fastbuande livnærer seg i dag av småskala landbruk i form av husdyrhald basert på mjølkegeiter i tillegg til småskala reiselivsverksemd i form av utleige av hus/hytter.

Eit besøk på Bakka byr på opplevingar av dette godt bevarte bygningsmiljøet, og eit kulturlandskap som står i stil. Ved å ta turen opp Rimstigen får ein moglegheit til å tenke over kva stølslivet innebar i tidlegare tider, samt få med seg store naturopplevingar.

Tufto-(2)
Title Address Description
Bakka
5749 Bakka, Norge