Her ligg administrasjonssenteret til Aurland kommune. Du finn også eit økologisk bakeri/kafè, fleire overnattingsstader og butikk. På Vangen finn du også fabrikken som produserer Aurlandsskoen.
Nasjonal Turistveg går over Aurlandsfjellet til Lærdal, og Aurlandsvangen er eit godt utgangspunkt om du vil gå Aurlandsdalen.
Før gardane i Aurlandsområdet vart busette vart området truleg nytta på same måten som dei andre bygdene i området, i form av veiding i fjellet. Rundt Blåskavlen er det funne fleire fangstsystem med både bogestille, dyregraver og stup. Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette omfattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygdevatnet.
Title | Address | Description |
---|---|---|
Aurland | Aurlandsvangen, Norge |