Vintermoro

For å koma til flott skiterreng i Nærøyfjordområdet er det fint å starte frå Fv. 5627 mellom Aurland og Lærdal, eller frå E 16 i Haugsvik. Det er også mange flotte lisider for laussnø-køyring, men ver varsam i skredfarleg terreng. Hugs at du er i høgfjellet og at veret kan skifte fort. Ein sekk med ekstra utstyr bør alltid vere med.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Kvista skiløype til Grindafletane

Frå Fyre i Haugsvik går det kvista skiløype til Grindaflethytta og vidare til Raundalen. Er du heldig kan du sjå villrein på denne turen.

Reinen er ekstra sårbar på seinvinteren når det er lite mat å finne. Vis omsyn til villrein, og hald god avstand til dyra. Viss dei stadig blir skremt av folk på ski brukar dei masse energi på å flykte og får mindre tid til å beite. Stadige forstyrringar kan gjere at dei forlèt området, og slik mistar viktige beiteareal. Dersom du høyrer om rein i området der du tenkjer å gå tur, bør du velje ei anna rute.

Les meir på ut.no

Vinterlandskap, hytte.
Barn og hund på toppen av fjellet Blåskavlen.

Topptur til Blåskavlen

På vårsnø er moglegheitane fleire for å bestige Aurland kommune sin høgaste topp med ski på beina. Frå toppen får du ei fantastisk utsikt, ikkje berre over verdsarvområdet, men store delar av fjellområda i Sør-Norge.

Gode turforslag og praktisk informasjon om turen finn du mellom anna på sida tinderangel.no.

Trygg vinterferdsel

Å traske over kvite vidder eller suse nedover ei fjellside i puddersnø kan vere fantastiske opplevingar, men det er viktig å hugse at fjellet og vintervêret kan vere lunefullt. Her er nokre tips for å sørge for at du får ein trygg tur.

Person på skitur i vind.

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingangsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3
Der det ikkje finns toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.
IKON_Avfallx3

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindene.

IKON_Avfallx3

Følg etablerte stiar, så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt.

IKON_Avfallx3

Dersom du får høyre om rein i området – vel ein annan tur.

IKON_Avfallx3

Stopp og trekk unna viss du ser villrein. Observer dei på god avstand