Jakt og fiske

Det er mange gode fiskevatn i fjella rundt Nærøyfjorden. For dei som føretrekker ei børse på ryggen er det mogleg å jakte både rein, hjort, elg og rype.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fiske

Har du med deg fiskestong på tur, er det mogleg å få fisk både i fleire fjellvatn og i elvane i fleire av dalane. Med utgangspunkt i fjellvegen mellom Aurland og Lærdal, er det fint turterreng til fiskevatn i Storebotnen. Det er fleire fine fiskevatn på turen til Grindaflethytta, både med start frå Fyre og frå Mjølfjell. Fjellstyra i Aurland og Lærdal sel fiskekort, og har god informasjon om fiskevatn og fiskereglar.

Fiskekort kan du kjøpe hjå fjellstyra i Aurland og Lærdal, og på nettsida inatur.

Barn som fiskar i eit lite vatn.
Jakt: hund med skutt rype

Jakt

I verdsarvområdet kan du kjøpe jakt på både elg og hjort, og i nokre område er det villreinjakt. Småviltjakt i fjella er ein fin aktivitet frå august til februar.

Jaktkort kan du kjøpe hjå fjellstyra i Aurland og Lærdal, og på nettsida inatur.

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingangsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3

I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i lavlandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

IKON_Avfallx3
Der det ikkje finns toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.
IKON_Avfallx3

Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.