Følg stien!

Frå lette turar langs fjorden, til bratte stiar som går 1400 høgdemeter rett opp - i Nærøyfjordområdet er vala mange for den som vil ta beina fatt. På dei enklaste turane får du flott utsikt etter berre ein halvtime, andre turar krev litt meir innsats. Dei merka stiane i området er gradert frå lette til svært krevjande. Skal du litt opp i høgda er det viktig å hugse at veret kan skifte raskt. Ha alltid med deg ekstra klede og mat om uhellet skulle vere ute.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Styvi
Unnamed Road, 5747 Gudvangen, Norge
Bleiklindi
WV7G+P6 Gudvangen, Norge
Brekkafossen
V422+R7 Flåm, Norge
Grindaflethytta
RWV7+JV Gudvangen, Norge
Stalheimskleiva
RMQQ+98 Stalheim, Norge
Stalheim hotell
Stalheimsvegen 131, 5715 Vossestrand, Norge
Nåli
RPX6+6J Stalheim, Norge
Rimstigen
WRFX+M8 Gudvangen, Norge

Brekkefossen

Ein godt tilrettelagt sti, med trapper bygd av sherpaer frå Nepal, fører deg opp til eit flott utsiktspunkt. I tillegg til å kome nær Brekkefossen, får du her flott utsikt over Flåm og Aurlandsfjorden. Litt kondis må til, men dette er ein av dei lettare turane i området. Du bør rekne ca ein halvtime opp til fossen.

Turskildring Ut.no

Barn går på tilrettelagt sti, til Brekkefossen.
Personer og hund på tur ved fjorden.

Den kongelege postvegen

Føretrekker du flatt terreng er den historiske postvegen langs Nærøyfjorden ei kulturhistorisk perle. Den 5,5 km lange turen går frå Styvi til Bleiklindi. For å kome deg til Styvi er du avhengig av båt. Fjordcruiset mellom Flåm og Gudvangen stoppar her på førespurnad. Du bør rekne minst 3 timar tur/retur Bleiklindi.

Overnattingstur til Grindaflethytta

Er du klar for ein hard vandretur i fjellet over fleire dagar, kan den sjølvbetjente turisthytta Grindaflethytta vere eit fint mål. Det er fleire t-merka stiar inn til hytta. Du bør rekne 5-7 timar inn til hytta avhengig av kva sti du vel.

Les meir på Ut.no

Turgåere i fjellet.
Fossefall

Stalheimskleiva med Stalheimsfossen og Sivlefossen

VIKTIG MELDING: Parkeringa og tilkomst nedanfor Stalheimskleiva er stengt på grunn av rasfare. Nedste del av Stalheimskleiva er også stengt på grunn av arbeid med restaurering av vegmurane. Det er mogleg å gå tur i den øvste delen av Stalheimskleiva, ned til anleggsgjerdet. Det er flott utsikt til Nærøydalen og nedover svingane frå toppen av Stalheimskleiva.

Frå parkeringa nedanfor Stalheimskleiva kan du velje mellom to korte turar – anten flatt inn til Stalheimsfossen eller ein brattare sti med tretrapper opp til eit utkikkspunkt mot Sivlefossen. Begge turane tek under ein halvtime, og fossane er absolutt verd turen. Stalheimskleiva som ligg i bakken mellom dei to fossane er og ei oppleving i seg sjølv. Den gamle, svingete vegen med sine flotte steinmurar er eit kulturminne frå slutten av 1800-talet.

Nåli

Nåli er ein gamal husmannsplass som ligg på ei fjellhylle ca ein times gange frå Stalheim hotell. Frå parkeringa like etter hotellet går du gjennom gardstunet på Sivle gard før stien tek deg gjennom slakt skogsterreng langs dalsida til Nåli. Stien er relativt lettgått og gir panoramautsikt over Stalheimskleiva. Sjølv om innmarka er gjengrodd og det berre er ruinar igjen av den gamle husmannsplassen Nåli, er det ein fin plass å ta ein rast med utsikt mot det spesielle fjellet Jordalsnuten.

Nåli, personer ved utkikkspunkt.
Person kikrar utover fjorden.

Rimstigen

Frå vegen mellom dei to små grendene Bakka og Tufto svingar den gamle buførevegen seg bratt opp til eit utkikkspunkt på 725 høgdemeter. Stigninga er tung, men gir løn for strevet i form av ei nydeleg utsikt utover Nærøyfjorden. Turen opp tek 1-2 timar. For dei spreke og fjellvante er det mogleg å fortsette anten mot Breiskrednosi og Dyrdal, eller å følgje den gamle ferdselsvegen over fjellet til Jordalen.

Stokko

Frå Undredal kan du følgje ein lettgått sti eit stykke utover langs fjorden til Stokko. Stien er relativt flat, og går gjennom slåttemark og ur. Langs stien kan du sjå spor etter svunnen tid, som gamle slåtteteigar, bakkemurar og tufter. Alle større og mindre flater vart utnytta, sjølv svært bratte slåtteteigar som ligg heilt oppunder berget over stien. Sjølv om det meste av fòr og reiskap vart frakta sjøvegen, har stien vore viktig for å kome seg til og frå teigane, både for folk og beitedyr. Framleis held bøndene kulturlandskapet her ved like, og brukar graset som for til husdyra. På Stokko er det tilrettelagt teltplass som er mykje brukt av kajakkpadlarar.

Ved fjorden, grønn eng.
Utsikt over fjord og fjell.

Hovdungo i Undredal

Frå Undredal går det sti til den gamle stølen Hovdungo, ca 740 høgdemeter over bygda. Frå stien har du fantastiske utsiktspunkt over Undredal, fjorden og fjella rundt. Stien er bratt, med nokre luftige parti. Stien går gjennom skog og gamalt kulturlandskap. Hald augo opne så finn du spor etter slåtteteigar, høyløer, løypestrengar og rennespel. Frå gamalt av har stien til Hovdungo vore ein viktig ferdsleveg for undredølene. Stien har vore nytta av mange generasjonar, i samband med jakt, gards- og stølsdrift. Den har og vore fjellsambandet over til høgdegardane på Stigen.

Les meir på Ut.no

Huldafossen

Frå Fresvik kan du ta turen til Huldafossen. Turen til Huldafossen er ein lett tur på ca 2,5 km ein veg. Stien går til Storøyna, eit ope område som vert nytta til sauebeite. Hugs å lat att grindar på turen. For å koma til området kan du køyra på bilvegen frå bygda til stølen Engi. Ynskjer du ein lenger tur kan du parkera lenger nede i dalen, og gå grusvegen til stølen. Frå Engi går det sti inn Stordalen med flott utsikt til Huldafossen og Fresvikbreen. Ver forsiktig med å gå for nær opp til fossane, på grunn av fare for steinsprang. På Bjørkehaug, før Storøyna, er det ei trimkasse. Herifrå går stien bratt opp til høgre til stølen Helgedalen. Denne stølen er ikkje lenger i bruk, og det er berre tufter att av dei gamle stølshusa.

Fossefall.

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingangsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindene.

IKON_Avfallx3
Der det ikkje finns toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.
IKON_Avfallx3
Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.
IKON_Avfallx3

Uro ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

IKON_Avfallx3

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, da dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

IKON_Avfallx3

I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i lavlandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

IKON_Avfallx3

Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.