Bruk fjorden!

Ein tur på fjorden er ein av dei aller beste måtane å oppleve det mektige fjordlandskapet på. Tettast på naturen kjem du ved å padle din eigen kajakk, men det finst også mange motoriserte alternativ.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Padling

Du kan padle ein tur med kajakk eller kano og kome heilt ned i vassflata. Dei mektige fjella rundt deg fortel sine soger, men også fjorden kan fortelje – om sitt samspel med dei tusen små og store bekkar, elvar og fossar som tilfører mineral som gjev den karakteristiske grøne fargen.

Samstundes er fjorden ein del av havet – den fører ein del av verdshava heilt inn hit, mellom dei høge fjella, der du padlar stille langs stranda. Og under deg, nede i djupet er det også eit yrande liv, eit samspel, eit økosystem, ei anna verd…

 

Les meir

Har du med deg eigen kajakk er det fint å starte turen i Gudvangen, Undredal eller Flåm. Her er det god parkering rett ved stranda der det er lett å sette ut kajakken.

Undervegs finst det fleire fine plassar å raste, til dømes på Holmo, Odnes, Skalmenes og Salthella langs Nærøyfjorden, og Stokko og Fronnes langs Aurlandsfjorden. Desse opne flatene er spor etter generasjonar som har rydda og plukka stein, slått, hesja og hausta graset som for til husdyr. Dette er innmark som bøndene framleis brukar som slåtte- eller beitemark. Ved å ferdast sporlaust i landskapet hjelper du til å bevare det unike kulturlandskapet.

Brosjyre over Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden

Person i kajakk på fjorden.
Turistbåt på fjorden.

Fjorden kan opplevast på mange måtar

Du kan også oppleve fjorden med robåt, rib eller med større båtar – uansett korleis du tek deg fram over vassflata: fjorden vil fange sansane dine, fjella vil ruve over deg, medan bølgjene vil leike rundt deg og du får vere ein del av dette mektige landskapet – nyt!

Finn aktivitetar på nettsidene til Visit Sognefjord og Visit Voss.

Trygg ferdsel på fjorden

Å ferdast med eigen båt eller kajakk på fjorden er ei flott oppleving. Her er nokre tips for å sørge for at du får ein trygg og sikker tur.
  • Steinsprang skjer ofte langs fjorden, hald avstand til berghamrar og fossefall.
  • Dersom du ferdast i liten båt eller kajakk, vær merksam på sterke kastevindar ned frå dei bratte fjellsidene.
  • Rutegåande båttrafikk følgjer til vanleg midtlina i fjordane. Hald deg til ei side.
  • Bruk refleksvest og gjerne hovudlykt i skumrings- og mørketid.
  • Hugs skilnad på flo og fjære når du går i land, og trekk båten godt opp på land.
  • På langtur: Vær budd på ekstremvêr og naudsituasjonar.
  • Meld frå kor du drar.
  • Ver merksam på at det ikkje er mobildekning alle stadar.
  • Lurt å ha med: Fløyte, mobiltelefon, redningsvest, varme og vasstette klede, kart og kompass/GPS. Pass på at du veit korleis du brukar utstyret.
Barn i båt på fjorden.

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingangsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindene.

IKON_Avfallx3

Bruk anbefalte teltplassar, eller slå opp teltet minst 150 meter frå hus og hytter i utmark. Opne områder langs fjorden er ofte innmark – her må du ha løyve frå grunneigar for å telte. Unngå å legge igjen stein på marka.

IKON_Avfallx3

Bruk eksisterande toalett.

IKON_Avfallx3

Der det ikkje finns toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

IKON_Avfallx3

Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.